To hjortar påkøyrde

Artikkelen er over 12 år gammel

Dyra kom tilsynelatande uskadde frå uhella, då to hjortar det siste døgnet var påkøyrde i høvesvis Eid og Lavik.

DEL

I 18-tida søndag kveld small det på Haugane ved Bjørhovde i Eid.

– Meldar hjorten ikkje hadde fått skader og opplyste at den sprang frå staden. Bilen fekk bulka panseret, opplyser politiet sin operasjonsleiar.

Måndag morgon small det på nytt, denne gongen på E39 ved Torvund aust for Lavik.

– Dyret reiste seg, gjekk vidare, og verka uskadd, opplyser politiet.

Heller ikkje bilen fekk dei store skadane, med eit knust blinklys einaste synlege teikn på samanstøyten som vart meldt klokka 06.21.

Dei lokale viltnemndene er varsla i begge tilfella.

Artikkeltags