Tilgrisa og daude fuglar <br/> i Dale og Hyllestad

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Oljen etter Fedje-havariet set stadig tydelegare spor, også i Sogn og Fjordane. Tysdag er det funne daude og tilgrisa måker i Rysjedalsvika og i Dale.

DEL

Samtidig som oljeflaket frå «Server»-havariet tysdag nådde øyane vest av Florø, blir det funne fuglar tilgrisa av olje langt inne i Dalsfjorden i Sunnfjord.

Les også:

Ungane reagerte

– Den yngste gruppa i barnehagen var ute og gjekk tur, når ungane reagerte på at fuglane såg så skitne ut.

Det fortel Anne Tove Sande ved Elvetun barnehage i Dale, til firda.no.

Klokka var 10.15 tysdag morgon då barnehageborna ifølgje med vaksne stogga på brua over Daleelva, midt i Dale sentrum, for å mate fuglane.

– Det var litt olje på tre av måkene, men ein fjerde hadde mykje på brystet, fortel Sande som sjølv ikkje var med på utflukta.

Etter det dei tilsette i barnehagen kunne sjå, var det tydeleg at det var olje som var kome i fjørpryden på måkene.

– Men dei tok til seg mat, fortel Sande.

Daud fugl i Rysjedalsvika

Då gjekk det verre med måken som tysdag morgon vart levert inn til Hyllestad kommune.

– Vi har fått inn ein daud måke som vart funnen i Rysjedalsvika, opplyser driftsleiar Jon Gisle Systaddal til firda.no.

Fuglen var tilgrisa av olje, men det er ingenting som tyder på at den har vorte eksponert for forureininga der den vart funne, ved ferje- og skyssknutepunktet i Ytre Sogn.

– Vi har hatt folk frå kommunen som har køyrt langs strendene i dag for å sjå. Men det er ikkje gjort observasjon av oljesøl i Hyllestad, understrekar Systaddal.

Han legg til at dersom det likevel skulle komme olje, har kommunen lenser og anna utstyr som vil bli køyrt ut.

– Når det gjeld den daude fuglen, så har vi rutinemessig varsla viltforvaltninga, som tek hand om saka, opplyser Systaddal.

Artikkeltags