Tener 109000 mindre enn kollega i Førde

STORT ANSVAR: Gro Hovland er styrar i Nyheimsvegen barnehage, og har ansvaret for 34 ungar og ti tilsette.(Foto: Knut Magnussen)

STORT ANSVAR: Gro Hovland er styrar i Nyheimsvegen barnehage, og har ansvaret for 34 ungar og ti tilsette.(Foto: Knut Magnussen)

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

FØRDE/flora: Årsløna til barnehagestyrar Gro Hovland i Florø er på 346000 kroner. I Førde er topplønna i barnehagane på 109000 kroner meir.

DEL

n Store lønsskilnader mellom barnehage- styrarar i Førde og Florø

-Eg blei veldig overraska då eg fekk beskjed om den store lønsskilnaden. Eg var ikkje klar over at det var eit så stort gap, seier Gro Hovland, styrar i Nyheimsvegen barnehage i Florø.

Store forskjellar

-Det er ingen grunn til at det skal vere så stor forskjell, og eg skulle gjerne likt å vite kvifor det er slik, seier Hovland.

Ho har ei årsinntekt på 346000 kroner, noko som ligg nedst på lønsstatikken av dei sju barnehagestyrarane i Flora kommune.

Toppløna går til barnehagestyrarane i Storevatn og Havreneset barnehage og er på 373000 kroner.

Til samanlikning har den best betalte barnehagestyraren i Førde kommune 455000 kroner i årsløn.

Barnehagestyraren i Vie barnehage har topplønna blant av dei fire barnehagestyrarane og tener 40000 meir enn dei andre i året.

Førde kommune kan med det nye lønssystemet sitt, lønne einingsleiarane sine med opp til 5000 kroner i året. Det vil altså sei at lønna kan ende på 460000 kroner i året.

Generelt dårleg betalt

-Slik situasjonen er no, er skilnadene urimelege store, og slik bør det ikkje vere. Eg har god tru på at vi her i Flora greier å tette dei skilnadene som er mellom våre einingsleiarar, og at det blir lik løn for likt arbeid. Dessutan er barnehagestyrarane ei prioritert gruppe, seier Hovland.

Ho synest det er bra at barnehagestyrarane i Førde tener så bra som dei gjer, men skulle gjerne sett at det same var tilfelle i Flora også.

Både Flora og Førde kommune er to-trinns kommunar, og har lik organisering. Det vil seie at barnehagestyrarane har ansvar for dei same tinga, men talet på ungar og tilsette varierer frå barnehage til barnehage.

Hovland har ansvaret for ti tilsette og 34 ungar fordelt på to avdelingar. Til samanlikning har Vie barnehage i Førde 65 ungar fordelt på fire avdelingar.

Artikkeltags