Svindla til seg dagpengar hos NAV

Artikkelen er over 12 år gammel

21-åringen fann si eiga løysing på problemet då han vart sur fordi han vart nekta dagpengar.

DEL

I perioden 18. november 2005 til 7. januar 2006 svindla mannen frå Indre Sogn arbeids- og velferdsetaten (NAV) for 34.000 kroner.

Mannen let vere å skrive på meldekortet at han var i fullt arbeid medan han var registrert som arbeidslaus og tok imot dagpengar

21-åringen forklarte i retten at han let vere å opplyse at han hadde vore i fullt arbeid, fordi han

Mannen hevda at han vart sagt opp etter sin eigen oppseiing og at han dermed hadde rett på dagpengar utan karantene.

21-åringen meinte derfor at han urettmessig ikkje fekk utbetalt dagpengar i åtte veker, fordi han var utan arbeid etter at han sjølv sa opp jobben. Han forklarte i retten at han slett ikkje ønskte å svindle NAV

Sogn Tingrett finn derimot at mannen har oppført seg grovt aktlaust og har dømd han til fengsel i 21 dagar på vilkår og ei bot på 6.000 kroner.

Han må og betale tilbake summen han har fått for mykje utbetalt.

Artikkeltags