Stortinget gir pengar til nærbutikkane

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Ti nærbutikkar her i fylket får tilskot frå Stortinget på 50 og 25000 kroner. Målet er at bygdefolket skal få god vareforsyning i butikkane.

DEL

Åtte butikkar får 50000 kroner: Buda As i Stryn, Svanøy Landhandel i Flora, Matkroken i Luster, FA M. Svardahl, FA. Ditlef Sunde AS og Fanøy Handel i Flora, Dingja Landhandel i Gulen og Borgund Nærbutikk i Lærdal.

To butikkar får 25000 kroner i utviklingstilskot: Guddal Nærbutikk AS i Fjaler og Ortnevik Nærbutikk AS i Høyanger.

-Målet med ordninga er at ein ønskjer å oppretthalde vareforsyninga for den lokale folkesetnaden i utkantområda. Butikkane er verkemiddelet for å oppnå dette, skriv Merkur i ei pressemelding.

Dei butikkane som har lite kundegrunnlag og lang avstand til næraste alternative butikk, vart prioriterte i tildelinga.

Ei undersøking Merkur har gjort, viser at om lag 80 prosent av butikkane som mottek slik støtte brukar midlane til investeringar i anlegga sine.

Ordninga er administrert av Merkur-programmet på vegner av Nærings- og handelsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Stortinget har løyvd midlar til ordninga også for 2006.

Artikkeltags