Stor fergetrafikk

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Helgetrafikken fører til forseinkingar ved Lavik-Oppedal.

DEL

Ved ferjeleiet Oppedal-Lavik er det på Oppedal-sida no lange køar. Resultatet er ventetid for bilistane.

– Folk må rekne med inntil ein halv, til ein times venting ved ferjeleiet, seier styrmann Odd Våge ved «Gloppen».

Ifølgje styrmannen er dette berre vanleg helgetrafikk. Det skal ikkje ha vore mykje køar elles i veka.

Det beste tipset frå styrmannen er difor såre enkelt:

– Bilistane må berre smørje seg med tolmod inntil neste ferje kjem, seier Våge.

Artikkeltags