Steinar Engelbrektson Band får platekontrakt

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Responsen etter tredjeplassen i årets Danseband-NM har vore enorm for Steinar Engelbrektson Band. Aller kjappast var plateselskapet Tylden & Co som no gir ut ein ny versjon av CD-en «Sweet Destiny».

DEL

-Vi har signert ei avtale med Tylden som betyr at den siste plata vår «Sweet Destiny» no kjem i handel over heile landet, seier Steinar Engelbrektson.

Tylden leiger rettane til plata i tre år og skal lage ein ny versjon der også «60-talsmusikk» er med. I tillegg vert det lagt på eit DVD-spor av «På tross av bagateller.

Då Firda snakka med han stod han reiseklar for å delta i det populære chatte-programmet Danseband Jukeboks som, går på NRK2 natt til søndag.

Eksplosiv respons

Steinar Engelbrektson Bandet har opplev ein eventyrleg respons etter fjernsynsdebuten på Røros 30. april. Der deltok dei i ei direktesendt kåring av årets dansebandlåt. Steinar Engelbrektson og hans medmusikantar, Bjarte Haugen, Tor Ove Sjåstad og Christian Humberset, vart overraskande nummer tre med bandets eigen melodi «60-talsmusikk».

-Etter Røros har det teke heilt av. Vi var ikkje før komne heim før dei ringde og ville ha oss til å spele på Dansegalla i Arendal. Seinare har det gått slag i slag med radiointervju for ei rekke radiostasjonar, seier Engelbrektson.

Disputt om sjanger


Spesielt hyggeleg er det at responsen også inneber større inntening. Om ikkje fleire oppdrag, så i alle fall betre betalte oppdrag.

-Vi kan velje å vrake noko meir, utan at det betyr mindre speling her heime. Den vil alltid vere ein viktig arena for oss, seier Engelbrektson.

Bandets inntog blant dei store dansebandorkestera fall ikkje berre i god jord. Dei presenterer musikken sin som «dansbar country», noko som ein del meiner ikkje opplagt har plass i båsen for dansebandmusikk.

På Norsktoppen


Sist laurdag var Steinar Engelbrektson Band nykommar på Norsktoppen med melodien «På grunn av bagateller». Dei klarte å hekte seg fast på ein niende-plass, og vart med vidare.

-Det vert spennande å sjå korleis det går i kveld, seier Engelbrektson.

Bandet hans har gitt ut to plater. Den første kom i 2002. Året etter kom «Sweet Destiny». Til saman har bandet selt 7500 plater, noko som er svært bra, spesielt sidan platene berre er distribuert lokalt.

Artikkeltags