Sprengde danseband-nettet

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

Entertaineren frå Gloppen, Steinar Engelbrektson, fekk så mange meldingar, då han var gjest hos programverten Neon i NRK2s Danseband Jukeboks natt til søndag, at serveren braut saman.

DEL

-Steinar Engelbrektson Band har treft noko spesielt med melodien «På tross av bagateller». Den er den nest mest spelte melodien i programmet vårt til no i år, seier Neon som er programvert i nattprogrammet Danseband Jukeboks.

Natt til søndag var Steinar Engelbrektson gjest og folk kunne sende meldingar og få svar på spørsmål.

Meir enn 1000 i timen

Det vart for mykje for teknikken som skulle ta i mot og sende vidare tekstmeldingane. Pågangen var større enn kva teknikken meistra.

-Vi har opplevd dette ein gong før. Då kom det 1000 meldingar i timen, og truleg snakkar vi om ei liknande mengde også no, seier Neon.

NRK2 kjøper heile chatteprogrammet av telefon- og nettselskapet Teletopia.

Gammal plate

Asbjørn Tylden som står bak plateselskapet Tylden & Co AS er positiv overraska over den plutselege publikumsresponsen på Steinar Engelbrektson Band.

-Populariteten har vore jamt sigande sidan i vinter, og er eit prov på at det stundom skjer ting som ikkje kan forklarast skikkeleg, seier han.

Responsen på melodien «På tross av bagateller» kjem to år etter at plata kom ut. I følgje Tylden er det ein god gammaldags slager. Men det er noko med han som gjer at folk vil høyre den om att og om att.

Reklamevideo frå Svelgen

Tylden & Co som er hovuddistributør for dansemusikk i Noreg har hatt eit svare mas etter Engelbrektson sin musikk, utan å kunne hjelpe.

-Til helga sender vi oppover eit fototeam som skal lage ein reklamevideo for den nye plata vi skal gje ut med bandet, fortel Asbjørn Tylden.

Innspelinga skal skje i samband med bandets speleoppdrag i Svelgen til helga.

Artikkeltags