Det seier Jostein Kråkås, styreleiar i det nystarta selskapet Solund Næringsutvikling A/S. Selskapet er no på jakt etter ein dagleg leiar -og har i stillingsannonsen like godt søkt etter ein skapar.
Kreativ katalysator
-Etter vårt syn er stillingsomtalen «skapar» særs dekkjande. For det er det dette handlar om. Næringslivet i Solund er samstemd i at vi treng ein drivande kraft -ein katalysator, i utviklinga av næringslivet i kommunen. Vedkommande bør vere kreativ, og kunne komme opp med realistiske idear og tankar - og samstundes vere jordnær nok til å vurdere realismen i nye prosjekt, seier Kråkås.
Solund Næringsutvikling er stifta som eit resultat av det arbeidet Solund Næringsskipnad i samarbeid med mellom anna Solund kommune har lagt ned i prosjektet «Solund 2010». Solund Næringsskipnad, Sparebanken Sogn og Fjordane og Solund kommune står som eigarar av det nye aksjeselskapet.
Ikkje korttidsprosjekt
-Vi har i første omgang reist driftsfinansiering for tre år, slik at «fuglen» Solund Næringsutvikling skal få luft undre vengjene.
Kråkås meiner selskapet må signalisere vilje til å satse langsiktig for å trekkje til seg interessante søkjarar til stillinga som skapar.
-Dette handlar ikkje om eit korttidsprosjekt. Vi har som uttalt mål å etablere ein varig drift i selskapet. Men har ikkje fuglen letta i løpet av desse første tre åra, har den kan hende ikkje livets rett.
Kråkås poengterer at Solund Næringsutvikling ikkje skal konkurrere med dei kommunale næringstenestene, men snarare utfylle desse -og om naudsynt utfordre den offentlege forvaltninga.
Kraft av bibelsk proporsjon
-Ideelt sett bør vi knyte til oss ein særs så ambulerande skapar, ein som stadig er på farten hos næringslivsaktørar i kommunen. Samstundes må vedkommande vere ei drivande kraft og ein pådrivar for å gjere noko med infrastrukturen i kommunen. Skaparen må vere ein som kan ha «trøkk» overfor styresmaktene med omsyn til utvikling av båt- og ferjeruter, breiband og mobiltelefondekning.
Kråkås seier dei uansett ønskjer seg ein person som er dus med Distrikts-Norge - utan at ein av den grunn treng å vere frå distriktet.
- Skaparen kan godt vere urban, berre vedkommande kan utføre større og mindre mirakel utan å måtte vere akkompagnert av suset frå bilhjul mot brustein.