-Kaja sin største styrke er at ho er utadvendt, har naturleg sjarm og sjølvsagt at ho har ei bra stemme, seier heiagjengen til Kaja Nordang.

Av dei fem jentene skal Bente-Linn Bolset (18), Marita Bjørvik (18) og Jeanette Haugsbø (18) reise til Oslo og sitje i salen under semifinaleshowet i morgon.

Det skal også kjærasten til Kaja, Jon Inge Nilsen (19) frå Sande. Maria Senneset (18) og Line Tordal Førde (18) følgjer finalen heimefrå. Fleire vener har allereie reist til Oslo, og til saman er det åtte som skal vere med å heie på Kaja.

-Det er ei sterk gruppe med mellom anna Tone Aaberge frå Sogndal som har vore mykje i media. Men vi har tru på at Kaja kan gå vidare til finalen, seier jentene.

Lite vist på fjernsyn

Kaja Nordang har ikkje vore mykje på fjernsyn under Idol-konkurransen til no, og vennegjengen trur det kan vere negativt.

- Ho har ikkje vore mykje i media slik som ein del andre har, men likevel trur vi ho har ein moglegheit, seier Marita.

- Kaja er veldig roleg, taklar presset godt og klarer å skjule nervøsiteten, seier Maria.

Kaja skal syngje «Zombie» av Cranberries, og jentene trur det er positivt at ho har valt ei låt dei meiner er fengjande

-Kaja ville ikkje syngje ein klissete ballade slik som mange andre gjer.

Vil klare seg bra

Alle er samde om at ho vil klare seg bra, og at det er ein styrke at ho ikkje blir nervøs.

-Men vi blir sikkert veldig nervøse sjølv, seier Jeanette.

Kaja har fortalt dei at ho ikkje har store forventningar og berre håpar at ho kjem til å syngje bra. Veninnene vil gjere sitt for å støtte Kaja og satsar på å vere synlege i publikumssalen i morgon.

-Vi har laga T-skjorter og plakatar med bilete av Kaja på, og skal verkeleg slå til, seier Marita Bjørvik.

Semifinalen i morgon er femte og siste semifinalerunde i årets Idol. Finalerunden startar 4. mars. Eva Weel Skram (19) frå Sogndal er allereie klar for finalen.