Undersøkinga avslører ei likegyldig haldning til faren for spreiing av personleg sensitivt innhald over mobiltelefon og internett. Dei yngre mobilbrukarane stikk seg fram som dei minst ansvarlege.

Målinga som er utført for NetCom viser at 9 prosent av mobilbrukarane i Sogn og Fjordane ufrivillig har teke imot bilete- eller tekstmeldingar med seksuelt innhald. På landsbasis er det 13 prosent som har fått slike meldingar.

– Folk si uansvarlege mobilåtferd uroar oss, og vi oppmodar på det sterkaste til meir varsemd og auka fokus på vern av eiga og andre personar sitt privatliv, seier kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i NetCom til NTB.

Det er ungdom under 30 år som i størst grad får tilsendt uønska sexmeldingar. Ein av fem mobilbrukarar under 30 har fått slike meldingar ufrivillig. Blant ungdom under 18 år er det 17 prosent som gir opp dette.

Kanskje er du blitt knipsa

Utbreiinga av mobiltelefonar med kamera har også gjort sitt til ei utvikling i mobilvanane som ikkje alltid er like heldig. I ein del tilfelle veit ikkje den som blir knipsa med mobilkamera at dei blir tekne bilete av. 12 prosent av mobilbrukarane i Sogn og Fjordane seier dei har teke bilde av nokon som ikkje var klar over det. På landsbasis er dette talet 13 prosent.

Spesielt er det viktig å vere bevisst på at informasjon du trur er privat fort kan finne vegen ut til eit breiare publikum.

– Mobilen spreier informasjon svært raskt, og vegen vidare til internett er veldig kort. Der er allereie alt for mange eksempel på tilfelle der personleg sensitivt innhald har funne vegen til offentlegheita. Fleire av desse har også resultert i store medieoppslag med intime detaljar rundt privatlivet, seier Wormdahl.

Conradi og Idol-Tone

Dei siste månadene har til dømes private bilete av Kåre Conradi og sambuaren Mariann Aas Hansen, Rune Rudberg og Vibeke Skofterud komme på avveges, mens Tone Damli Aaberge vart fotografert på ferie i syden. Alle har vorte allemannseige via internett e-post.

Det er dei yngste mobilbrukarane som i størst grad er syndarane på dette punktet. Heile 31 prosent av dei under 30 år har teke bilete av «ufrivillige modellar».

Undersøkinga viser også at menn i større grad enn kvinner knipsar bilete av folk som ikkje veit om det. Blant menn er det 16 prosent som har teke slike bilete, mens 10 prosent av kvinnene har gjort det.

Angrar på fyllemeldingar

18 prosent av mobilbrukarane i Sogn og Fjordane seier at dei har ringt eller sendt tekstmelding i alkoholpåverka tilstand og seinare angra.

I heile landet er det 19 prosent som seier det same. Flest angrande mobilbrukarar finn ein i aldersgruppa under 30 år, kor heile 42 prosent har ringt eller sendt sms i alkoholpåverka tilstand og seinare angra. Angeren er langt mindre til stades blant dei over 60 år, men også her er det enkelte som har angra på samtalar og meldingar (5 prosent).

Undersøkinga er gjennomført av Perduco for NetCom i november 2006 blant eit representativt utval på 1900 privatpersonar.