«Server»-oljen har nådd Flora-bassenget

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Ojesøl frå «Server»-havariet driv nordover. På Reksta i Flora vart det tysdag observert oljeflak på ulike stader.

DEL

Det er observert små oljeflak frå ein til tre kvadratmeter på ulike stader på Reksta, mellom anna i Rognaldsvåg og i Likvika, får firda.no opplyst hos brannvesenet i Florø.

Brannsjef Magne Igland er leiar for det interkommunale utvalet mot akuttforureining, og tysdag vart folk og utstyr sendt frå det kommunale oljeverndepotet i Florø til Værlandet, og Bulandet i Askvoll, samt til Reksta i Flora.

Var parat

Oljen som er rapportert, er tungolje som etter kvart er blitt ganske utspedd med saltvatn, etter å ha blitt rista kraftig i storm og grov sjø.

- Vi har for så vidt vore klare sidan laurdag og har venta på å bli kalla inn ved behov. Det er Kystverket som avgjer når vi skal inn i bildet, seier Igland.

Utstyret som blir sendt, er lettare utstyr, lenser og absorbentar som skal nyttast til å rydde opp i mindre utslepp, samt personleg utstyr til dei som skal gjere jobben.

Førebels har det ikkje vore aktuelt å trekkje vekslar på det mykje omtalte statlege oljeverndepotet i Florø, fordi området ved Fedje der den kyprotis-registrerte båten «Server» gjekk ned, har god dekning av slikt utstyr.

Halde utkikk

Brannsjef Magne Igland oppmoder folk om å halde utkikk etter teikn på oljeutslepp. Ved middagstider i går vart det sendt utstyr frå Florø til Reksta og Værlandet/Bulandet pluss personell som skal leie abeidet med å ta hand om oljen. Førebels er det uråd å seie kor stort omfanget av innsatsen kan bli, eller kor langt oljen vil spreie seg. Men skulle det bli behov, kan det også bli aktuelt å kalle in folk frå Sivilforsvaret, sjølv om lite tyder på det per no.

Uvêret har både ein positiv og ein negativ effekt på situasjonen. Vind og bølgjer har bidrege til å «knuse» oljen, og dermed redusert faren for alvorleg forureining, samstundes som uvêr, høg sjø og mørketid gjer oppryddingsarbeidet vanskelegare.

Vi må leggje størst vekt på helse, miljø og sikkerheit, og derfor tek vi sikte på å vere etablert både på Værlandet og Reksta medan det framleis er dagslys, seier brannsjef Magne Igland.

Artikkeltags