Oskebeger kan vere brannårsaka

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Politiet trur at glør frå eit oskebeger kan vere årsaka til brannen i Årdal 10. februar. 22 personar vart huslause i brannen.

DEL

-Vi har ikkje fått analysert alle prøvene enno. Men teorien vår er at det er tømming av eit oskebeger som er årsaka til brannen. Det seier politibetjent Trond Akre ved Årdal lensmannskontor til Sogn Avis.

22 vart huslause

Etter brannen i Uravegen i Øvre Årdal natt til laurdag 10. februar i år, vart 22 personar huslause. Politiet har sidan då arbeidd for å finne årsaka til brannen. Kripos har sendt inn brennbare vesker som vart funne i ruinane, men så langt har ikkje politiet fått svar på desse prøvene.

Artikkeltags