Ny leiar i Redningsselskapet

Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Per Rune Vereide frå Sandane vart i helga vald til ny distriktsstyreleiar i Redningsselskapet.

DEL

Etter at det ei stund har vore kjent at heile distriktsstyret trekte seg frå sine verv i protest mot all uroa i Redningsselskapet sentralt, var det knytt stor spenning til det nye styret.

Den nye leiaren, Per Rune Vereide, ønskjer ikkje å snakke om uroa som har vore.

- Konflikten er over, no skal vi gå vidare, seier Vereide.

- Vi gjer ein viktig jobb. Det nye styret startar med blanke ark og skal byggje tillit og sjå framover, seier Vereide.

Med seg i distriktsstyret får han nestleiar Magnar Heimsæter, Florø, og styremedlemmene Frøydis Løland, Leirvik, Eivind Hjellum, Florø, og Alex Vassbotten, Eikefjord. Varamedlemmer er Ståle Kristiansen, Batalden, Jens Bjarne Henjum, Hermansverk, Rune Hovden, Florø, og Liv Brandøy, Florø.

Artikkeltags