Finalen står mellom Marsteinen fyr i Austevoll kommune i Hordaland og den gamle handelsstaden i Gulen.

Kongen må like seg...

– Vi har ikkje lagt opp noko spesielt program. Knut Steen har sagt at han vil slappe av og sjå seg om. Vi skal ha det hyggjeleg, ete middag og ta eit glas vin heime hos meg fredagskvelden. Laurdag reiser vi til Skjerjehamn, fortel Braanaas.

Braanaas har tidlegare i vinter besøkt den 82 år gamle bilethoggaren på atelieet hans i Italia.

Steen kjem til Vestlandet saman med dottera Hege.

– Kva forventningar har du til besøket?

– Steen har uttrykt seg svært positivt om plassen og planane våre her. Han har sagt at han vil setje opp statuen ein stad der kongen ville ha likt seg, så får vi sjå, seier Braanaas.

Kostar 2 millionar

Då Oslo kommune sa nei til å setje opp statuen av kong Olav, ville Steen først grave ho ned. Dermed kom eit trettitals personar, kommunar og stadar på banen og ville overta giganten.

Prislappen er to millionar, og det er ikkje snakk om kven som byr mest.

Før Steen kjem til Gulen, skal han besøkje Marsteinen med helikopter. Den gamle fyrstaden er vêrhard og utilgjengeleg for folk flest. Skjerjehamn ligg i den indre skipsleia, og eigar Ola Braanaas er i gang med å byggje opp ein møtestad for kunst og kultur.

– Såleis er dette to ulike konsept, meiner Braanaas.

Legat for unge kunstnarar

Fiskeoppdrettaren er i gang med å restaurere den gamle handelsstaden og tilføre Skjerjehamn nytt innhald.

– Vi skal opprette eit legat for unge kunstnarar, slik at dei kan komme og bu og jobbe her, rettleia av mentorar. Vi vil skape eit miljø for kunst og kultur, og her vil statuen vere sentral, seier Braanaas.