Marita håpar å slå gjennom på nynorsk

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Ho har gitt ut fire romanar på bokmål. No legg Marita Liabø (34) siste hand på den femte - den kjem på nynorsk. -Det blei litt feil, bokmål er liksom ikkje meg, seier forfattaren frå Førde.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

-Eg er nesten ferdig, og held på med siste gjennomgangen no. Det blir ei bok med mykje humor, som eg håpar spesielt at menn kjem til å lese, seier Liabø om boka som får tittelen «Under brua».

For mens dei fire første var av det meir dystre slaget og tok føre seg dei store spørsmåla i livet, lovar forfattaren denne gongen eit personleg og karaktersterkt møte med éin hovudperson. Og ikkje minst, møtet skjer på nynorsk. For no har Liabø modna.



Positive til nynorsk


-Eg føler at eg beherskar nynorsk betre etter kvart. Eg var på feil spor. Bokmål er eigentleg ikkje meg, og det er jo utruleg herleg å skrive nynorsk. Men kanskje er det vanskelegare å finne sin eigen form i nynorsken. Eg har vel landa på det ein kan kalle klassisk Firda-nynorsk, ler Liabø.

Ho vedgår at ho var engsteleg då ho fortalde redaktørane i Gyldendal Forlag at ho ville skrive nynorsk.

-Men eg skriv mykje friare på nynorsk. Redaktørane er heilt overvelda. Dei kjenner ikkje meg igjen. Dei har ledd og kosa seg når dei har lese manus, fortel Liabø, som røper at merksame Firda-lesarar fekk helse på bokas hovudkarakter i spalta Arena i laurdagsavisa.

Ein som møter «veggen»


-Han heiter Simon og er sogndøl. Han er litt meg. Sit i Oslo og lengtar heim. Ein overarbeidd systemutviklar, som gir alt i jobben, men brenn seg ut og byrjar å drikke, fortel Liabø.

Men det som nesten ender i sjølvmord, blir til ei varm og nær historie om forholdet til familien, jakta på kjærleiken, og spontanitet.

Det er dette tittelen «Under brua» søkjer å avspegle. Simon er under brua. Han blir funnen og skal opp og fram, lovar Liabø som streifar innom både Oslo, Bergen, Førde, Sogndal og Høyanger mellom dei to permane som ho håpar er i sal i februar.

Teater og høyrespel


34-åringen som i fleire år har budd i Oslo, har no skrive på heiltid i eit halvt år. Forutan boka ho er svanger med, skriv ho på ein einaktar til Sogn og Fjordane Teater, og eit høyrespel til NRK. Men sjølv om draumen er verkeleg å gjere seg merkt som forfattar, er ho innstilt på å vende tilbake til skuleverket.

-Responsen har vore god på dei førre bøkene. Eg har massevis av idear heile tida, og held på å byggje opp eit forfattarskap. Men dei fleste må jobba hard og lenge. Det heiter seg at ein slår igjennom på femte boka, så eg kan berre håpe, seier Marita Liabø, som ikkje aktar å fronte målsaka sjølv om ho no skriv nynorsk.

-Folk må få lese og skrive kva dei vil, men eg blir oppgitt når Olaug Nilssen ikkje får skrive nynorsk i Dagbladet, seier forfattaren frå Førde.

Artikkeltags