Ulykka skjedde ved ei hytte på Krokane camping, der den tilskadekomne budde. Politiet har sperra av området og arbeider med å kartleggje omstenda rundt ulykka, mellom anna ved hjelp av vitneobservasjonar.

Operasjonsleiar Arild Stokkereit ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at skal det dreie seg om eit pyroteknisk materiale. Den skadde skal ha mist delar av ei hand eller heile handa i sprengingsulykka som skjedde i 18-tida søndag.