Mange stengde vegar i fylket

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Mykje nedbør fører til både ras og flaum i Sogn og Fjordane. Klokka 10.30 var heile 27 vegar stengde her i fylket. Sjå lista her.

DEL

– Vi får inn rapportar heile tida. Det er meldt endå dårlegare vêr utover dagen, så eg reknar dessverre med at det vil bli fleire meldingar om stengde vegar, seier vaktoperatør Mats Carlsson ved Vegtrafikksentralen.

– Vi har begynt å kjenne vêret på kroppen, for å seie det sånn, fastslår operasjonsleiar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– I Stryn vart eit hus med ein mann i omringa av ras, men mannen har komme seg ut. Elles får vi stadig inn meldingar om ras og stengde vegar, mellom anna har det gått tre ras i Lånefjorden. Førebels veit vi ikkje om noko uhell eller personskadar. Dessutan er nokre sauer i ferd med å bli tekne av elva på Hafstad i Førde, men den saka blir jobba med, seier Vereide.

Følgjande vegar er stengde på grunn av ras:

Rv 13 Gaularfjell

Rv 50 Vassbygdi-Aurland

Rv 15 Stryn-Hjelle, ved Berstad

Rv 53 Årdalstangen-Vikadalen

Rv 55 Balestrand-Lånefjorden, ved Kongsnes

Rv 55 Balestrand-Nessane, ved Hanevik

Rv 57 Osen bru-Dale, ved Nistadhamrane

Rv 610 Sande-Eldalsosen, ved Torvund

Fv 92 Framfjorden-Nese

Rv 182 Feios-Fresvik

Fv 242 Aurland-Skjerdal

Fv 451 Vassenden-Sægrov, ved Strand

Fv 152 Ulvestad-Menes

Fv 331 Sørheim-Kroken, ved Berteig

Fv 241 Gudvangen-Bakka

Følgjande vegar er stengde på grunn av uvêr:

Rv 53 Tyin-Årdal

Rv 55 Sognefjellet

Følgjande vegar er stengde på grunn av flaum:

E 39 Knarvik-Oppedal over Romarheimsdalen, ved Romarheimflåten.

Rv 55 Nordeide-Vadheim, ved Ulvåna

Rv 607 Salbu-Hellevik, ved Lone

Rv 55 Dragsvik-Balestrand, Esebotn

Rv 609 Førde-Askvoll, ved Hunsåna

Fv 3 Takle-Leversund, Takledalen

Rv 614 Ålfoten-Isane

Fv 91 Strandos-Bruland, ved Slettestranda

Fv 422 Osen-Hjelmeland

Fv 698 Hopland-Hennebygda

Rv 13 Vikafjellet og rv 604 Gaupne-Høge Bru ved Ytamo er opna for fri ferdsel att.


Artikkeltags