Køyrde i sjøen - vart redda av lokal helt

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

Takka vere snarrådig innsats av ein mann frå Svelgen, berga ein rumenar livet etter å ha køyrt i sjøen like vest for Svelgen laurdag ettermiddag. Rumenaren hamna på djupt vatn og kunne ikkje symje.

DEL

-Sjåføren, ein rumensk statsborgar i 40-åra, kom seg ut av bilen ved eiga hjelp, men han har mykje å takke ein medtrafikant for. Det var ikkje mykje om å gjere før dette hadde vorte ei dødsulykke, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.

Det var like ved det gamle bosbrenningsanlegget, seks kilometer vest for Svelgen, at rumenaren, som er tilsett i eit Florø-firma, fekk problem med bilen i 17-tida laurdag ettermiddag.

Han var då på veg til ein jobb i Svelgen. Pickupen hans var lasta med stålkapp, og har tydeleg vore ned i veggrøfta på høgre side før den endra retning og klatra over den låge støypekanten.

Bilen stupte utfor den bratte skråninga, og hamna rett i sjøen 10-12 meter lenger nede.

-Ein heltedåd

I bilen rett bak var ein mann frå Svelgen og mor hans. Mannen hoppa i sjøen då han forstod at rumenaren ikkje kunne symje, og fekk til sist i land ein kar som då var tilnærma medvitslaus.

-Ein heltedåd, ikkje noko mindre, seier Hauge som fortel at rumenaren meir eller mindre vart boren opp den stupbratte ura av redningsmannen og hjelp heilt opp att på vegen då det kom meir hjelp til.

Både politi og redningshelikopter rykte ut til ulykkestaden, og rumenaren opplyste at han var åleine i bilen.

For å dobbeltsikre denne opplysninga gjekk redningsdykkarar i vatnet og undersøkte bilvraket som ligg på om lag ti meters djupne, ikkje langt frå land.

Usikra veg

Politiet veit førebels ikkje så mykje om årsaka til ulykka, og ventar på å avhøyre rumenaren.

Ein god del av lasta frå pickupen rumenaren køyrde låg att i vegen. Elles er det få spor som fortel om ulukka.

Riksvegen ligg her på ei svært høg fylling og er i praksis tilnærma usikra. Ein gammal, skrå støypekant på opp til 40 centimeter er alt som finst av fysisk hinder mellom vegen og avgrunnen.

Bilen har snudd eit par mindre steinar og knekt ei ung rogn på sin veg mot sjøen. To stålplater av lasta ligg att i fjæresteinane, elles er det ingen spor etter utforkøyringa i skråninga.

Rumenaren som var utan synlege, fysiske skadar vart sendt til sjukehuset i Førde for kontroll.

Artikkeltags