Køyrde i sjøen - redda seg på land

Artikkelen er over 14 år gammel

Ein bil med ein person i køyrde på sjøen nær Svelgen laurdag ettermiddag. Mannen berga seg ut av bilen på eigen hand, og vart hjelpt på land av ein som observerte ulykka.

DEL

Utforkøyringa skjedde klokka 17.10, seks kilometer frå Svelgen i retning Kjelkenes.

Mannen som køyrde i sjøen er rumensk, og han var på veg til jobb ved Elkem i Svelgen då ulykka skjedde.

Rumenaren opplyste til politiet at han var åleine i bilen, men for å dobbeltsikre denne opplysninga vart det sendt redningsdykkarar til staden.

-Bilen er lokalisert. Det var ingen i bilen eller i nærleiken av den, og aksjonen er avslutta, opplyste operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt like etter klokka 19 laurdag.

Det var to redningsdykkarar i aksjon. Dei gjekk i vatnet rundt klokka 18.30.

Politiet veit enno ikkje noko om årsaka til utforkøyringa. Dei opplyser at mannen skal vere fysisk uskadd, men at han er sendt til Førde sentralsjukehus for kontroll.

Artikkeltags