Konkurranse for salmediktarar

Artikkelen er over 11 år gammel

Nynorsk kultursentrum inviterer til konkurranse om nye salmar som høver for dåp, bryllaup eller konfirmasjon.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

NPK: - Vi håper at vi kan stimulere til å få fram fleire nye gode nynorske salmar og salmediktarar, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng ved Nynorsk kultursentrum.

I dei salmebøkene som no er i bruk, er 40 prosent av salmane på nynorsk, fortel Øvereng.

- Vi meiner det er viktig at nynorsk blir verande ein sterk språk- og kulturtradisjon i kyrkja. Det har alt vist seg ønskjeleg å fornye salmetradisjonen på nynorsksida med fleire feiringssalmar. Det vil Nynorsk kultursentrum hjelpe til med ved at vi lyser ut denne konkurransen.

Nynorsk Kultursentrum vonar å få inn mange gode tekstframlegg, og målet er at fleire av dei skal kome med i den nye utgåva av Norsk salmebok i 2009. Ein jury med framståande fagfolk har takka ja til å vere med.

I utgangspunktet etterlyser Nynorsk kultursentrum komplette salmar med tekst og melodi, men tekstar utan melodi vil også bli vurderte. Ei fullstendig utlysing av konkurransen vil kome i midten av januar, og innleveringsfristen vil vere tidleg på hausten 2006. Vinnarsalmane, eventuelt saman med andre bidrag, vil bli presenterte under ein eigen konsert ved Dei Nynorske Festspela i slutten av juni 2007.

Artikkeltags