Det seier Martine Rød, prosjektleiar for den offisielle opninga av tusenårsstaden på Gulatinget - ei opning som skjer i slutten av august.
-No kan publikum verte meir talrike enn knotten, seier Røed med eit smil. Ho visar fram ei natts fangst av sviknott frå to feller. Det er ein tallaus haug knottlik som ligg dandert utover to kaffifiltre.
Knott-etarar
Eit større forskingsprosjekt kring knottplaga på Flolid har no kulminert med at prosjektgruppa for Gulatinget har kjøpt inn femten feller av typen «Midgeeater». Dette er feller utvikla av den skotske knotteksperten professor Alison Blackwell.
I tillegg har ein annan leverandør plassert ut to feller - for å sjekke ut effekten av desse.
I alt 17 knottfeller står altså no utplassert i terrenget kring tusenårsstaden. Dei propandrivne fellene slepp ut gass som etterliknar utåndinga av menneske og dyr. Dette lokkar knotten til seg. Insekt som kjem for nær fella vert trekte inn og fanga i eit finmaska nett. Der tørkar dei ut og døyr.
Kostnadane ved innkjøp av fellene er ifølgje Rød om lag 100000 kroner.