Klart for ny breimstorming

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Kva er bra med Reed, og kva er mindre bra? Dette er problemstillingar unge breimningar set søkjelyset på. -Dei unge har idear som bør fram, seier Solgunn Sårheim og inviterer til ung breimstorming skjærtorsdag.

DEL

Og dagen er ikkje valt tilfeldig. Svært mange unge breimningar har reist frå bygda, men kjem heim i påska. Desse vil Solgunn og Synnøve Veien trekkje aktivt med i prosessen.

-Dei veit betre enn dei fleste av oss kva som skal til for at dei skal flytte tilbake etter avslutta utdanning, seier Solgunn Sårheim.

Ho var ein av dei tre under 30 år som deltok i den første breimstorminga i januar. Alt for lite, tenkte ho, og bestemte seg for å gjere noko med det. Saman med venninna Sunnøve Veien har ho teke initiativet til å få ungdommane sterkare på bana i idekastinga knytt til utviklinga på Reed.

Overraskingar ventar dei som stiller, og utviklingslaget har organisert barnepass til dei som treng det.

-Mange av dei som kjem heim har små born. Difor er barnepass viktig, for at dagen kan bli både kreativ, framtidsretta og sosial, seier Solgunn Sårheim.

Artikkeltags