Men brannen har vore eksplosjonsarta, seier lensmann Nils Ove Roset i Gloppen til Firda.
- Når det først skulle gå gale, var det likevel ei lukke at brannen ikkje spreidde seg Gordon Hotell og resten av husklyngja like ved fjøsen. I så fall, ville vi stått overfor ei katastrofe, seier Roset til Firda.
Overtent
Brannen vart oppdaga i 02.30-tida, og fjøsen var overtent før brannvernet frå Byrkjelo og seinare også frå Sandane kom fram til staden.
Alle dei 500 grisene i fjøsen i Reed sentrum gjekk tapt i dyretragedien i Gloppen.
Brannmannskapa måtte også kjempe for å hindre spreiing til nabolåven der det stod storfe. Eine låveveggen brann, men dyra som stod i denne fjøsen, kom ikkje til skade.
Gordon Hotell ligg berre 25 meter frå denne låven.
-Flammane stod førti meter til vêrs då vi kom. Heldigvis gjekk gneistregnet slik at det ikkje trefte husa i nærleiken. Det er berre tilfeldig at denne brannen ikkje ende langt verre, seier brannmeister Bjarne Kleppe til Firda.
Farlege takplater
Brannen førte ikkje til skade på korkje menneske eller bustadhus i nærleiken. Politiet rykte ut med politipatrulje og lensmann til brannstaden, der brannvernet bruke ein times tid på å få elden under kontroll. Seinare gjekk det føre seg ettersløkking til rundt ti-tida laurdag føremiddag, og ei gravemaskin reiv takplater ned i branntomta for å hindre at dei skulle flyge av stad i den sterke vinden.
I tillegg til brannmannskap vart også sivilforsvaret varsla.