Kjeldstad ser ikkje bort frå fire nye år i politikken<H3>Sjølv om han må til dialyse 30 timar i veka</H3>

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Per Kjelstad (64) har vore med i politikken i Gaular i 28 år. Han er framleis ikkje lei, og ser ikkje bort frå at han tek attval til hausten, sjølv om helsa ikkje lenger er heilt god.

DEL

- Eg er ikkje trøtt og lei, men har trass alt vore fast i politikken i 28 år, 16 av dei som ordførar.

Det er kjekt å vere med, men spørsmålet er om det er teneleg. Eg kan ikkje stille berre for å få fleire år, det må vere ei meining med det.

Per Kjelstad fortel at dei enno ikkje har bestemt om dei stiller med ny samlingsliste til neste val. Prosessen er så vidt begynt, og dei har sett som mål å vere ferdig med liste og valprogram i februar om dei får nok folk på lista.

Busetnad på alle gardsbruk

Kjelstad har framleis fleire saker han brenn for, og meiner at Gaular si hovudutfordring i åra framover er å sikre framtida med tilflytting og folketalsutvikling. Enkelte bygder i kommunen slit med låge barnetal, og det er ein trend som han ønskjer skal snu. Tomme småbruk er eit anna.

- Dette er både dei viktigaste og dei vanskelegaste problema for oss å løyse, og eg trur at mykje av vårt program vil ligge på dette området. Eg ønskjer fast busetnad på alle gardsbruk. Buplikta må strengare praktiserast, og det må vere høve for folk å kjøpe fråflytta gardsbruk. Eg veit om mange som ønskjer å kjøpe desse, og ha dei miljøfordelane som det er å bu på slike småbruk.

Dialyse 25-30 timar i veka


Sjølv om han har problem med nyrene, så ser han ikkje det som ein grunn til å gje seg.

- Eg går til dialyse regelmessig. Det tek mellom 25 og 30 timar i veka, og utgjer eit stort innhogg i arbeidstida. No er eg leiar i formannskapet og skule- og kulturutvalet i tillegg til at eg sit i kommunestyret, og det har gått fint å kombinere.

- Vil du stille som ordførarkandidat på Samlingslista?

- Det er eit hypotetisk spørsmål som eg ikkje vil svare på enno.

Artikkeltags