Iversens nye mobile slakteri vist fram i Bergen

Artikkelen er over 12 år gammel

I dag presenterte Jarl Iversen og resten dei andre i Mobilslakt as den fiks ferdige slaktebilen sin på Matfestivalen i Bergen.

DEL

Sist veke gjennomførte dei prøveslakting, som gjekk heilt etter planen.

I dag fekk publikum, Innovasjon Norge og politikarar sjå nyvinninga.

Bilen er fullbooka for haustens sesong, og Hanne Frosta, som tidlegare i år vart kåra til Årets kjøkkensjef, har inne bestilling på 30 lam slakta på bilen.

Tysdag neste veke skal Innovasjon Norge drøfte søknaden frå Mobilslakt As om støtte til drifta av bilen.

Artikkeltags