Hugleiksson utsett eitt år

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Audun Hugleiksson-spelet er utsett til sommaren 2007. Grunnen er at hovudrolleinnhavarane Bjørn Sundquist og Linda Øvrebø ikkje kan delta kommande år.

DEL

Den tredje oppsetjinga av «Audun Hugleiksson - Kongens mann» var tenkt gjennomført i Bensentunet 1. til 6. august kommande år.

Etter urpremieren sommaren 2002 var det eit ønske om nye oppsetjingar kvart anna år.

Teaterstykkets regi har vore bygd opp rundt dei to hovudrolleinnehavarane skodespelar Bjørn Sundquist og songaren Linda Øvrebø. Begge er forhindra frå å kunne delta førstkommande sommar. Derfor har stiftinga Audun Hugleikson sogespel saman med Sogn og Fjordane Teater bestemt seg for å utsetje oppsetjinga eitt år.

-Det vart vurdert å setje opp stykket som planlagt med nye hovudrolleinnehavarar, men det er ønskjeleg å vidareføre det grunnlaget som er lagt. Ei omskriving av rollene og tilpassing til nye hovudrolleinnehavarar vil innebere mykje meir arbeid enn det vi har planlagt, seier nestleiar av stiftinga, Reidun Støfring.

Både Bjørn Sundquist og Linda Øvrebø er positive til å medverke i 2007.

Artikkeltags