Hald deg innandørs <br/> dei neste dagane

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Store nedbørsmengder, kraftig vind og temperaturar over normalen. Vi går ei grå og fuktig helg i møte.

DEL

– Ein må vente seg sterk kuling og regn heilt opp til 1300 meter. Det blir ikkje noko særleg helgevêr for dei som måtte ha planar om friluftsaktivitetar, seier meteorolog Svein Inge Andersen ved Storm Weather Senter i Bergen til firda.no.

Stor rasfare

Fredag føremiddag høljar regnet ned, og ifølgje Andersen er det mykje meir i vente.

– Med den vinden og milde vêrtypen med store nedbørsmengder som vi har i vente, vil rasfaren i fjellet auke, åtvarar meteorologen.

Han varslar dessutan sterk vind i dagane som kjem.

– Den fronten som har passert no og står nord-sør, på veg austover. Det har alt gitt grått vêr, og det blir verre utover dagen med mykje pålandsvind.

Dermed går vi ei vindfull og nedbørstung helg i møte, med kraftig vind frå laurdag av.

– Framfor frontsona må ein vente sterk kuling på kysten, og mykje regn. Også i indre strok, heilt inn til Lærdal. Pålandsvinden står rett frå vest, og pushar nedbøren langt innover fjordane, forklarer Andersen.

Regn opp til 1300 meter

– Først som sludd heilt ned i låglandet i indre strok, men nedbøren går raskt over til regn, etter som det gradvis blir mildare. Mot søndag vil det kunne regne i fjellet, så høgt som opp til 1200-1300 meter.

Og tykkjer du utsiktene for helgevêret, verkar dårlege, er det heller ikkje mykje trøyst å finne i Storm sine prognosar for neste veke.

– Det blir mykje vind og regn, store deler av neste veke. Kanskje får vi litt kaldluft først på slutten av perioden, seier Andersen som derimot kan garantere høge temperaturar.

– Dei vil stort sett liggje over normalen for årstida. I Førde vil temperaturen liggje på 5-7 grader på dagtid, seier meteorologen.

Artikkeltags