- Det er først og fremst folk i fylket som taper på denne avgjerda, seier styreleiar Trude Brosvik i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les også:

Finansminister Kristin Halvorsen vender tommelen ned for at Gjensidige Forsikring får kjøpe 34 prosent av Sparebanken Sogn og Fjordane, og samstundes godkjenne ei omdanning til aksjebank.

Avtalen var at Gjensidige skulle betale ein milliard kroner for aksjeposten, og at pengane skulle setjast i eit fond brukt til næringsutvikling, kultur og andre gode føremål i Sogn og Fjordane.

- Dette vert det ikkje noko av, og det er synd at fylket ikkje får denne vitamininnsprøytinga, fastslår styreleiar Trude Brosvik.

- Regjeringa har nekta oss den biten, og det ei regjeringa der distriktspartiet Senterpartiet er med, seier Brosvik, sjølv ordførar for Kristeleg Folkeparti i Gulen.

Sjølv om Brosvik er skuffa, understrekar ho at samarbeidet mellom banken og Gjensidige allereie har gitt god utteljing i form av nye arbeidsplassar i Gjensidige Bank i Førde og gjennom kompetanseoppbygging i eigen organisasjon.

- Vi har gode erfaringar, og vi kjem til å utvikle dette samarbeidet, seier Brosvik.