Funnen drukna i hamnebassenget

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Ein mann i slutten av 50-åra vart funnen drukna i hamnebassenget i Borgundvåg på Stadlandet måndag kveld.

DEL

Det var ein dykkar frå redningsskøyta R/S Emmy Dyvi som fann den omkomne like etter klokka 20.

Mannen vart sist sett i live like før klokka 16. Då fekk han hjelp av folk i bygda til å berge ein færing som hadde sokke ved kaia.

Eit par timar seinare vart det oppdaga at færingen hadde sokke igjen. Bilen til mannen stod framleis på kaia, og han var ikkje å sjå.

Det vart då sett i gang ein leiteaksjon med mannskap frå Røde Kors og redningsskøyta vart tilkalla.

Den omkomne var frå Borgundvåg på nordsida av Stadlandet.

-Det var truleg ingen vitne til ulykka, opplyser operasjonsleiar Nils Bakke i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Artikkeltags