Solveig fjernar plageåndene med øl

Hageeigarar over heile fylket har i mai fått invadert hagen sin av hærskarar med sniglar.

Problemet er dei såkalla iberia- og brunsniglane. Tidlegare ukjende i den norske faunaen, men no i ferd med å skubbe den heilsvarte norske og meir plantevennlege snigelen ut på sidelinja.

Trivst i fuktige murar

-Desse sniglane er meir svoltne enn dei tradisjonelle norske og gjer dermed meir skade når dei et av blada på plantene. Problem-sniglane må ha kome med potteplanter frå utlandet, trur Solveig Sørbotten som er leiar i Hageselskapet i Sogn og Fjordane.

Ho trur det er den milde vinteren som er hovudårsaka til årets snigelinvasjon.

-Det er den milde vinteren som er årsaka. Vi har ikkje hatt berrfrost og telen har ikkje fått teke liv av sniglane. Både ungane og egga har overlevd frå i fjor, seier Sørbotten.

Den kalde aprilmånaden heldt sniglane i sjakk, men når det våte mildvêret kom i mai kraup dei brune markkryparane fram frå alle smotthol. Spesielt godt trivst dei i hagar med murar og holrom og er spesielt aktive på kveldstid og ut i dei små morgontimane.

Øl er løysinga

-Skadane etter sniglane er skjemmande og enkelte misser motet til å halde fram med hagestellet. Spesielt ille er det i Hordaland der dei no har byrja å forske på fenomenet, seier Sørbotten.

Ho meiner det er viktig at hageeigarar tek fatt i problemet.

-Mange trur ikkje sniglane er så farlege og veit ikkje korleis dei nye typane ser ut. Det vil vere sørgjeleg om dei til dømes får herje fritt på ein gravplass, seier Sørbotten som har ei enkel løysing på problemet.

-Sniglane går etter lukta av øl. Det finst eigne feller, men desse kan vere vanskeleg å få tak i, men ein isboks med litt øl i kan gjere same nytte. Då skjær ein enkelt ei hôl i loket slik at sniglane finn vegen ned i boksen. Den tek garantert livet plagsame sniglar, lovar leiaren i Hageselskapet.