Frontar kjendis-krav om nynorsk leksikon

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Med tidlegare stortingsrepresentant Lars Gunnar Lie (KrF) i spissen, reiser kulturpersonlegdomar og medieprofilar som Arthur Arntzen, Jon Fosse, Ole Danbolt Mjøs og Kari Traa no krav om eit nynorsk nettleksikon.

DEL

-Nynorsk leksikon er det viktigaste nye nynorsktiltaket fram til 2013, skriv Lie i eit brev han har sendt statsminister Kjell Magne Bondevik, på vegner av seg sjølv og 45 andre. Blant desse finn vi professorane Edvard Befring og Berge Furre, forfattarane Kjartan Fløgstad, Edvard Hoem og Olaug Nilssen, styreleiar Pål W. Lorentzen i Sparebanken Vest, idrettsutøvar Liv Grete Skjelbreid Poiree, musikar Unni Løvlid, programleiar Unni Eikeseth i NRK, rap-artist Runar Gudnason i Side Brok, fagrørslefolka Anders Folkestad og Helga Hjetland, pluss leiaren i Forfattarforeininga, rektorar, ordførarar og ungdomspolitikarar som Lies og Bondeviks partifelle Per Steinar Osmundnes.

Samla nynorskmiljø

Eit samla nynorskmiljø står bak dette leksikon-initiativet, som totalt vil koste rundt 40 millionar kroner, og der håpet er at staten tek på seg nær halvparten av kostnaden.

Tanken er å byggje vidare på dei 65000 artiklane i allereie eksisterande Caplex, og realisere nynorskleksikonet i eit samarbeid mellom Samlaget, Cappelen og Nynorsk kultursentrum. Det ferdige leksikonet skal vere supplert med 120000 oppslagsord og artiklar frå ni oppslagsverk, og 90000 frå Nynorskordboka. Vidare skal det kome 3000 nye utdjupande artiklar. Verket skal innehalde 6500 bilete og illustrasjonar.

Utdanninga

-Det aller viktigaste er den funksjonen eit slikt leksikon vil ha når det gjeld å sikre nynorskens plass i utdanninga. Får ikkje dei unge god opplæring i nynorsk, kjem vi verkeleg på defensiven, seier Lie til Firda.

Han håpar på startløyving i statsbudsjettet for neste år.

-Dette leksikonet er viktig. Nynorskbrukarane av Internett må ha same tilgang på sakleg informasjon som bokmålsfolka, seier Lie. Han kom inn i dette arbeidet gjennom vervet som styremedlem i Litteraturselskapet i Samlaget.

- Men nynorsken har eg jobba for heile tida, seier den tidlegare stortingsrepresentanten for Sogn og Fjordane.

Artikkeltags