Førde Storsenter opna

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

ICA Maxi innvia 4 000 kvadratmeter på Øyrane i Førde i går.

DEL

- Eg har ikkje så veldig mange ord å seie i dag. Men eg er jo veldig glad, seier ein lågmælt Bjarne Kalstad nede i folkemengda medan inviterte gjester klappar for den eine talaren etter den andre.

Sjølv vel Bjarne Kalstad ikkje å ta ordet under den såkalla før-visninga før dørene opna for vanlege kundar klokka 11. Og det er kanskje like bra, så lenge klumpen i halsen hans ser ut til å vere såpass stor.

Dei som har følgt med på næringsutviklinga i Førde dei siste åra, veit at Bjarne Kalstad har jobba hardt for å få realisert Førde Storsenter på Øyrane.

Ideen var det opphavleg sonen Åge Johnny Kalstad som hadde, og far og son prata først gong om prosjektet i februar 2002.

- Eg er nøgd med det vi har fått fram på så kort tid. No blir det rolegare arbeidsdagar i tida som kjem, men det ligg ikkje i min natur å gje meg med å jobbe sjølv om eg nærmar meg 67, seier Bjarne Kalstad (64) før han går for å ta imot den første av blomebukettane.



Kollektiv innsats


Sjølve byggjearbeidet starta 9. januar i år, og sidan har det heile eigentleg gått i eit forrykande tempo.

Bygget - som har ein 5 000 kvadratmeter stor parkeringskjellar i botnen-husar no ICA Maxi i 1.etasje, i 2.etasje skal 10-12 butikkar på plass i løpet av det næraste halvåret, og på toppen vil dei 20 leilegheitene som allereie er selde vere innflyttingsklare i april neste år. Det totale golvarealet er på 17 000 kvadratmeter.

- Ingen av oss hadde vel eigentleg trudd det var mogleg å opne dørene 15.november då vi tok til med betongarbeidet i januar. Så den kollektive innsatsen har vore imponerande, seier entreprenør Leif-Arne Åsen.

Han meiner bygget har blitt pent med gjennomgåande god standard. Og han trur absolutt at Førde Storsenter vert greitt å vedlikehalde.


ICA-ekspansjon

Ifølgje administrerande direktør Erland Björn i ICA Norge, som også talte under opninga onsdag, har Sunnfjord no fått ein av Nordens mest moderne daglegvarebutikkar.

- Det er blitt ein ny, frisk storbutikk. Og valet av plasseringsstad er ikkje tilfeldig. Førde er blant dei norske kommunane med størst detaljvarehandel per innbyggjar. Og at her er mange konkurrentar skremmer oss ikkje, det er berre utfordrande, seier Björn.

Med den nye stormarknaden på plass i Førde har den svenske ICA-kjeden no 21 Maxi-butikkar rundt om i Norge - målet er 40 Maxi-butikkar innan nokre få år.

- Vi vil dei næraste åra investere for om lag to milliardar kroner i Norge, og ICA Maxi er flaggskipet i konseptet vårt. Målet vårt er å bli leiande innanfor detaljvarehandelen i Norge, seier Björn.

Artikkeltags