Folkerøysting om målform ved Florø barneskole

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Dei aller fleste elevane ved Florø barneskole nyttar nynorsk, men skulen har likevel status som bokmålsskule. Måndag blir det folkerøysting om målforma ved skulen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Alle som bur i krinsen, det vil seie på sjølve Florølandet, og eventuelle foreldre som bur utanfor krinsen, men som har elevar ved skulen, har stemmerett, seier kommunalsjef Anders Moen.

Florø barneskole er med sine 502 elevar ein av dei største barneskulane i landet, og dei siste tiåra har stadig fleire valt nynorsk som opplæringsmål. På sekstitalet nytta to tredelar bokmål, på midten av åttitalet var om lag halvparten nynorsk.

- I dag er det 79 prosent av elevane som får opplæring på nynorsk og 21 prosent på bokmål, opplyser rektor Øyvind Knapstad. Likevel er skulen framleis offisielt ein bokmålsskule.

Det er to grunnar til å ha ei folkerøysting om målforma, seier Moen. Den eine er prinsipiell, nemleg å få skulens offisielle status i pakt med den målforma som ein overveldande majoritet av elevane nyttar. Skal det skje, må folk i skulekrinsen få seie sitt gjennom val.

Den andre grunnen er av praktisk art: Viss skulen ikkje lenger har status som bokmålsskule, kan kommunen eventuelt gje tilbod om bokmålsopplæring til dei elevane som måtte ønskje det ved ein annan sentrumsskule som har ledig kapasitet, i staden for å gje dette tilbodet ved Florø barneskole, der kapasiteten for lengst er sprengd, seier Moen.

Det blir høve til å røyste på Flora samfunnshus heile måndag frå klokka 09.00 til klokka 20.00.

Artikkeltags