- Helikopteret vårt har henta åtte av mannskapet frå det norskregistrerte containerskipet «Ocean Caroline» som er i ferd med å søkkje rundt 100 kilometer nordvest for Gdynia, seier talsmann Bogdan Zajda til nyhendebyrået Reuters.

- Kapteinen og to av mannskapet har bestemt seg for å bli igjen om bord inntil vidare for å sikre skipet mens redningsfartøy ventar i nærleiken.

Hovedredningssentralen Sør-Norge (HSR) vart varsla om problema klokka 07.48 søndag morgon, og karakteriserer situasjonen som dramatisk. Det er kuling i området.

- Vi fekk ei uromelding frå eigaren av skipet, Ocean Transport i Florø. Dei var uroa fordi dei ikkje fekk tak i mannskapet om bord, seier vakthavande redningsleiar Siv Namork ved HSR til NTB.

Containerskipet ligg mellom den polske byen Gdansk og Øland.

«Ocean Caroline» er lasta med ved, og var undervegs frå Klaipeida i Litauen til Norge då problema oppstod. Det bles kuling i området.

Skipet «Afrodita» og eit polsk marinefarty ligg ved det norske skipet.

«Ocean Caroline» er på 2300 tonn og har ei lengde på vel 80 meter. Skipet vart bygd i 1973.