-Eit hjartebarn, sa Sonja

Artikkelen er over 12 år gammel

-UWC og Hauglandssenteret er eit hjartebarn for meg, sa Dronning Sonja då ho kom til UWC for å markere 10 års jubileet til skulen i dag.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ho vart ønskt velkomen av styreleiar Einar Stensæs, rektor John Lawrenson og utviklingsdirektør Magne Bjergene.

Dronninga starta opphaldet med å besøkje ein av elevbustadene.

Blant andre prominente gjester er kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland, utviklingsminster Hilde F. Johnson og fiskeriminister Svein Ludvigsen. Elevane stilte i fargerike nasjonaldrakter.

Utviklingsdirektør Magne Bjergene sa at visjonen for skulen har gått i oppfylling desse 10 åra ved å føre saman elevar frå heile verda og byggje bru over land og kulturar. 70 prosent av elevane vender tilbake til landa dei kjem frå, opplyste Bjergene.

Artikkeltags