Gå til sidens hovedinnhold

Dårleg service i kommunane

Artikkelen er over 16 år gammel

Berre to kommunar i Sogn og Fjordane held eit akseptabelt servicenivå overfor dei som tek kontakt med kommunen.

Det syner ei gransking utført av Forbrukerrapporten som har testa samtlege norske kommunar for å samanlikne korleis folk blir tekne imot når dei vender seg til kommunen via internett, telefon og epost, og om dei kommunetilsette kjenner lover og reglar.

Best i landet er Selbu kommune, som skårar 82 poeng av 100 oppnåelege. I Sogn og Fjordane er det Eid som gjer det best, med 69 poeng. Også Årdal (68) er oppe på det som Forbrukarrådet kallar eit tilfredsstillande nivå, nemleg meir inn 67 prosent.

Høyanger og Gloppen (62), samt Luster og Flora (61) kjem også brukbart ut av granskinga. Verstingane i fylket er Solund og Lærdal (36), Vågsøy og Hyllestad (35) og Selje (34).

Les meir i papirutgåva av Firda tysdag:

- Småkommunane er verst

- Sjå resultata for din kommune