I tysdag såg han og resten av dei besøkjande, skiskytargutane gå inn til ein skuffande femteplass.

-Det var ikkje heilt som vi hadde håpa på, seier Nyland, som har tråkka sine barnesko på Flølo.

Eit italiensk-katolsk menigheitshus i Pragelato er gjort om til ei «norsk varmestove» under OL. I tillegg til at dei serverer ertesuppe, vaflar og kaffi, går sendingane direkte på storskjerm. Ferske aviser og breibandtilgang er også kjærkomme for nordmenn på OL-tur. Over 2500 har til no vore innom.



Godt besøk


-Det er kjekt at folk finn vegen hit. Fleire utøvarar har også vore innom, men kanskje aller flest pårørande til utøvarar. Det er dei som har mest tid, seier Nyland.

Nyland har til vanleg arbeidsstad i Bergen, men er saman med kollegaer frå både Genève og Brussel utsendt til Torino. Kyrkja er ope frå 10 til 22, delt på to skift.

12. februar var han vertskap for HM kong Harald under OL-gudstenesta, og også kronprins Haakon har vore innom på overraskingsbesøk.

Neste gudsteneste er den 24. februar, då også kultur- og kyrkjeminister Trond Giske kjem på besøk.

Nylands fjerde OL


-Sjømannskyrkja har hatt OL-kyrkje sidan Atlanta 1996. Dette er mitt fjerde OL. Det er utruleg moro, sjølv om det går rimeleg i eitt, fortel Nyland.

Etter at sjømannskyrkja stengjer for dagen, dreg Nyland og dei ni kollegaene hans ut i gatene og på barar for å snakke med folk.

-Å skape heimekjensle på bortebane har vore Sjømannskyrkjas varemerke gjennom generasjonar. Difor trur vi at sjømannskyrkja høyrer heime i kvart eitt støtteapparat som vert bygd opp for nordmenn ute, seier Nyland.

I kveld sender NRK OL-studio direkte frå Sjømannskyrkja.

-Det gler vi oss til. Vi trur vi skal klare å få inn 70 personar utan at det vert for mykje kaos, seier Nyland.