Det skal ha vore eit branntilløp på butikken Elite Foto i første etasje på Førde Torg.

Kundar som var inne på Førde Torg då brannalarmen gjekk fortel om røyk frå butikken til Elite Foto, og ei sterk brentlukt. Det skal også ha vore høyrt smell frå butikken.

Det var onsdag ettermiddag uvisst om nokon var skadde, eller kva omfang det er snakk om.