Bitter Valla trekte seg

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

LO-leiar Gerd-Liv Valla gjekk fredag ettermiddag av, for open mikrofon på ein pressekonferanse i Folkets hus i Oslo. Ho nytta samtidig høvet til eit veldig angrep på utvalet som har granska Yssen-saka.

DEL

– Eg varsla sekretariatet for kort tid sidan om at det er det beste for LO at eg trekkjer meg.

Ho avviste samtidig alle skuldingane som har vorte retta mot henne, og slakta heile granskingskommisjonen sitt arbeid.

- Privat rettargang

– Det einaste eg angrar på, er at eg ikkje trakte meg 29. januar, då kommisjonen vart sett ned, sa Valla, og understreka at ho vil sakne kontakten med LO-medlemmene.

Ho karakteriserte granskinga som ein privat rettargang, som har brote rettstryggleiken hennar.

– Det er ein leiar si oppgåve å seie frå når nokon ikkje gjer jobben, sa ho, og la til at Fougner-rapporten legg opp til konfliktforbod.

Etter alt å dømme vil nestleiar Roar Flåthen ta over roret i LO.

Kritikken av Gerd-Liv Valla er knusande i rapporten som blei lagt fram fredag. Blant anna skal ho ha brote Arbeidsmiljølova.

Det er kjelder som har sett rapporten som opplyser til Dagbladet.no at Fougner-utvalet konkluderer med at LO har brote Arbeidsmiljølova.

Fekk rapporten heim

Valla sjølv kom til Folkets Hus i Oslo via garasjen fredag føremiddag, etter at ho hadde fått granskingsrapporten heim til seg og lest den der.

LO-leiaren var godt passa på då ho kom til Folkets Hus. Tre uniformerte politimenn og fire sivile sikkerheitsvakter tok oppstilling utanfor garasjen nokre minutt før den sivile politibilen med Valla kom køyrande.

Ein av dei som har sett rapporten seier at kritikken av Valla er knusande, ifølgje Aftenposten.no.

Avisa har vore i kontakt med to kjelder som var til stades under presentasjonen. Dei opplyser tilbake at kritikken er hard, og at det vil ta tid å behandle rapporten.

Overfor Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) omtaler ei sentral kjelde innhaldet i rapporten som «kraftig kost».

Begge to er blant dei som har halde hardt på at dei ville sjå rapporten før dei kunne ta stilling til Valla si framtid som LO-leiar.

Vallas leiarstil

Konflikten med tidlegare internasjonal sekretær i LO, Ingunn Yssen, har utvikla seg til eit spørsmål om Gerd-Liv Vallas tøffe leiarstil også har ramma andre.

I utgangspunktet har nok dei tre juristane i utvalet bak granskingsrapporten sett på om Valla har handla i strid med arbeidsmiljølova. Ifølgje VG skal psykiatrane som har undersøkt saka ha konkludert med at Valla har utsett Yssen for trakassering og mobbing.

I avhøyra skal det også ha komme fram andre forhold som LO-sekretariatet heller ikkje kan sjå bort frå. Det gjeld blant anna uttaler som LO sin førstesekretær Ellens Stensrud, LO-sekretær Rita Lekang og LOs hovudkasserar Bente Halvorsen skal komme med i avhøyra. Dei har alle tre rapportert om eit vanskeleg forhold til Gerd-Liv Valla. (ANB)

Artikkeltags