Berga ned frå fjellet

Artikkelen er over 14 år gammel

Ein mann i 30-åra måtte bergast ned frå fjellet mellom Svelgen og Ålfoten måndag ettermiddag.

DEL

Mannen ringde sjølv 113 og varsla AMK-sentralen på Førde sentralsjukehus om at han var skadd og ikkje kom seg ned ved eiga hjelp. Då var klokka 13.15.

AMK bestemte seg for å sende ut luftambulansen for å hente mannen. Politiet og Røde Kors vart også varsla i tilfelle det ikke var mogleg å komme til med helikopter.

Litt etter klokka halv fire var mannen trygt nede på sjukehuset, og det viste seg då at han hadde skadar i ein fot.

Artikkeltags