Gå til sidens hovedinnhold

Barneombodet vart fullstendig fjetra av UKM

Artikkelen er over 16 år gammel

-Eg hadde jo venta at dette skulle verte spennande. Men så vart eg fullstendig fjetra. Nokon av deltakarane held så høgt nivå at det dei burde vere klare for plateutgjeving, seier barneombod Reidar Hjermann.

Hjermann stod for den offisielle opninga av fylkesmønstringa i Florø samfunnshus fredag kveld. Og han boblar over av superlativ etter å ha opplevd 30 sceneinnslag i løpet av knappe tre timar.

-Eg likte særleg tolkinga av Sting-låta «Roxanne», den var dødsbra, seier Hjermann om prestasjonen til Gloppen-trioen Tor Erik Vårdal (18), Randi S. Hauge (19) og Ragnhild T. Solberg (18).

Han lét seg også imponere av 18-åringane Eirin Susanne Ask Nyheim og Julie Falkevik frå Vågsøy som framførte melodien «Intentionally Me».

-Dei var heilt kanon, seier barneombodet.

Og sjølv om industriell metall-musikk ikkje er heilt Hjermanns «greie», lét han seg rive med då Flora-bandet Enfeebled framførte «Credibillity Lost».

-Musikken var kul, slår han fast.

-Fantastisk lydsystem

Hjermann hausta også sjølv applaus og jubel då han i samband med opninga av arrangementet framførte The Beatles sin «Eleanore Rigby» saman med søskenbarnet Knut Hjermann - ungdomsarbeidar i Florø - til ære for nyfødde Leah Isadora Behn.

-Eg har jo spelt ein del plassar sjølv, og dei som arrangerte denne fylkesmønstringa skal ha mykje kreditt for alt som hadde med lys og lyd å gjere. Det var eit fantastisk lydsystem, meiner Hjermann.

Publikum i samfunnshuset fredag kveld fekk dessutan høyre barneombodet uttrykkje seg om kor viktig det er at ungdommen får høve til å uttrykkje seg gjennom kunst og kultur.

Ikkje-målbar livsverdi

-Det er noko dei vil dra med seg inn i vaksenlivet. Vaksnesamfunnet i dag har delvis eit fattig forhold til kunst, og trenden no - særleg i skulen - er jo at alt dreier seg om målbar kunnskap. Kunsten er ikkje målbart og det er jo heller ikkje det som livet handlar om, nettopp korleis ein har det med kvarandre. Om skuleprestasjonane endå meir målbare, vert kulturen undergrave, og då vert arrangement som dette viktigare enn nokon sinne, seier Hjermann.

Han tykkjer det er særleg viktig i bygdenorge at ungdom får eit positivt forhold til kunst og kultur gjennom arrangement som Ungdommens Kulturmønstring.

-Positive opplevingar i heimeregionen er heilt sikkert med på¨å bremse fråflytting frå bygdenorge. Og det er viktig å tenkje at dette ikkje er meir førebyggjande enn operabygg i Bjørvika. Kultur har ein verdi i seg sjøl, det er den som skil oss frå dyra, seier barneombodet.