Askvoll vil ha pol

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Administrasjonen i Askvoll rår politikarane til å søkje Vinmonopolet om å få distriktsbutikk i Askvoll.

DEL

-Eg ser at her må vi vege dei næringspolitiske omsyna mot dei alkoholpolitiske. No blir saka teken opp i formannskapet neste veke, og skal deretter innom helse- og sosialutvalet før kommunestyret tek endeleg avgjerd på om vi skal sende søknad, seier ordførar Aud Kari Steinsland.

Lovleg vare

-Å søkje om ein distriktsbutikk, som er eit minipol som ikkje har fullt sortiment har vore diskutert ei tid. No blir saka fremma, seier Steinsland.

Ho legg til at det ikkje er automatikk i at ein får eit slikt pol sjølv om ein søkjer. Til dømes søkte Fjaler for ei tid tilbake og fekk nei.

-Eg ser at dette kan skape debatt. Men alkohol er ei lovleg vare, og eg trur at det kan vere bra for Askvoll, både som kommunesenter og turistkommune å ha pol, sjølv om eg ser at meiningane om dette kan vere delte, seier Steinsland.

Få pol langs kysten


-Eit pol kan vere med å gje næringslivet eit ekstra bein å stå på. Det kan også vere viktig i samband med turisme. Men at eit pol er det som skal redde både handelen og alt anna i Askvoll trur eg likevel ikkje. Dersom formannskapet er positive vil vi gå vidare i systemet med saka, og så får vi sjå kor det går, seier Steinsland.

Ho legg til at kysten i søre delen av fylket per i dag ikkje har polutsal i det heile, og at eit pol i Askvoll også kan bli eit attraktivt tilbod for folk i nabokommunane.

-Kvifor skal ikkje Askvoll få seg eit lite pol, seier ordførar Aud Kari Steinsland.

Artikkeltags