Åsen & Øvrelid kan bli årets entreprenørar

Artikkelen er over 12 år gammel

Leif-Arne Åsen, Helge Øvrelid, Halvard Sunde og Stig Sunde frå entreprenørselskapet Åsen og Øvrelid AS i Førde er nominert til vekstskaparprogrammet Ernst & Young Entrepreneur Of The Year.

DEL

Dette er eit globalt program som skal framheve og heidre personar som bidrar med nye idear, satsar kapital og yter eigeninnsats for å skape varige verdiar og arbeidsplasser.

Åsen og Øvrelid vart starta opp i 1990 av dei to tømrarane Leif-Arne Åsen og Helge Øvrelid. Dei slo seg etter kvart saman med brødrene Sunde og har utvikla eit selskap som i 2005 omsette for 132 millionar kroner.

Frå 2001 har omsetningen auka med 129 prosent og selskapet har blitt det største entrenørselskapet i Sogn og Fjordane. Det har heile tida gått med overskot.

Det vert framheva at vekstskaparane i Åsen og Øvrelid er lokalt engasjerte og ønskjer å bidra til at verdiar som vert skapte lokalt, blir i fylket.

Den regionale kåringa finn stad i Bergen tysdag 31. oktober. Under kåringa vil fem vekstskaparar frå Region Vest som omfatter Hordaland, Sogn og Fjordane samt Møre og Romsdal, bli kåra som finalister.

I tillegg vil éin vekstskapar bli kåra som regionsvinnar. Alle finalistane går videre til den nasjonale kåringa i Oslo 29. november.

Kåringa vert i år arrangert for 5. gong på rad i Norge, og nytt av året er at den nasjonale finalen vil bli sendt direkte på TV2 den 29. november.

Artikkeltags