400-500 griser brann inne

Artikkelen er over 12 år gammel

Mellom 400 og 500 griser har brunne inne i Gloppen i natt. Ein grisefjøs på Reed var allereie overtent då det vart meldt om brann klokka halv tre natt til laurdag. Brannmannskap berga nabolåven med storfe.

DEL

Alle dei 400-500 grisene i fjøsen i Reed sentrum skal ha gått tapt i dyretragedien i Gloppen. Då brannen vart oppdaga like før halv tre natt til laurdag, var grisefjøsen allereie overtent.

Brannmannskapa måtte også kjempe for å hindre spreiing til nabolåven der det stod storfe. Eine låveveggen brann, men mannskapa skal ha berga dyra her. Derimot tyder alt på at alle grisene har stroke med.

Ifølgje opplysningane som operasjonsleiar Atle Jansen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt sit med, er ingen menneske komne til skade. Politiet vart varsla om brannen kl. 02.28 og rykte ut med politipatrulje og lensmann. I tillegg til brannmannskap vart også sivilforsvaret varsla.

Arbeidet på brannstaden held fram. Brannårsaka er førebels ikkje kjend.

Artikkeltags