19-åringar må i fengsel etter overfall i Florø

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Slo og sparka mann mens han låg nede. Den eine tiltalte er også dømd for råkøyring i Fløyfjellstunnelen.

DEL

Festen i klubbhuset til eit idrettslag enda med munnhoggeri, overfall og sju sting for fornærma

No er to 19 år gamle kameratar frå Florø dømde for å ha gått laus på mannen dei var på fest med.

Slo og sparka

Det som starta med munnhoggeri utanfor lokalet der den private festen vart halden. Fornærma prøvde å trekke seg vekk frå krangelen då dei tiltalte slengte ukvemsord etter han. Dei gjekk derimot på han, dytta og slo med knytte nevar til han til slutt gjekk i bakken.

Mens han låg nede sparka begge dei tiltalte mot fornæra sitt hovud, og han endte til slutt opp med ei 3,5 centimeter lang rift under nasa og eit sår under overleppa som måtte syast med høvesvis seks og eitt sting. I tillegg fekk mannen skrubbsår og hevelse.

Vart ikkje trudd

Dei to 19-åringane som begge er tidlegare ustraffa erkjente i retten å ha gått laus på fornærma, men dei nekta for å ha sparka mannen i overkroppen mens han låg nede. Retten festar derimot ikkje lit til dette og stør seg på observasjonar gjort av vitne som var edru den aktuelle septembernatta i fjor.

Den eine av dei tiltalte er Fjordane tingrett også idømt tap av førarkortet i 8 månader, etter å ha køyrt i 131 km/t i 80-sona i Fløyfjellstunnelen i Bergen. Vedkommande må dermed tilbringe 75 dagar i fengsel

Den andre av dei to, som berre var tiltalt for vald er idømt 60 dagar fengsel.

Begge må betale 812 kroner i erstatning til fornærma.

Artikkeltags