Under ein pressekonferanse onsdag føremiddag fortalde Djuvik at politiet like etter klokka 0400 i natt fekk melding frå publikum om ein eller fleire dronar ved Haakonsvern.

Politiet varsla Forsvaret og Avinor, ettersom Flesland ikkje er langt unna. Alle desse aktørane skal ha hatt eigne droneobservasjonar etter dette.

Innsatsleiaren fortel at dronen skal ha blitt sett i ulike høgder på himmelen. De skal også ha bilde og video av dronen.

No fortel Djuvik at sjølv om dei ikkje er sikre på om det er fleire dronar, veit dei at det var éin over Haakonsvern.

Det er ingen mistenkte i saka, og politiet har heller ikkje funne dronen.

– Situasjonen er no normalisert. No etterforskar vi og hentar inn meir informasjon, seier Djuvik.

Avinor valde å stenge flytrafikken ved Flesland lufthamn, men etter råd frå politiet blei den opna igjen etter rundt tre timar.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-André Brakstad, seier til BA at det er gjort ein rekke ulike observasjonar av det ein mistenker er ein eller fleire dronar.

– Både sivile, tilsette i tårnet på Flesland, tilsette på Haakonsvern og politipatruljar har gjort observasjonar. Den siste sikre blei gjort ved 0645-tida av politiet, seier Brakstad.