Sigrid Moldestad løfta taket

Artikkelen er over 2 år gammel

KULTUR: Under Førdefestivalen i kveld fekk publikum i storsalen i Førdehuset ei oppleving då Sigrid Moldestad leverte framsyninga «Samuline- frå fela flyg din song».

DEL

– Dette var veldig sterkt, seier Eli Aaby.

Ho var ein av mange som satt i ein full storsal og høyrde Sigrid Moldestad og hennar stjernelag av musikarar løfte taket med premiereframsyninga av «Samuline- frå fela flyg din song».  Engasjementet og iveren som Moldestad viser for dei felespelande kvinnene frå gamle dagar smitta over på publikum.

–Heile historia, musikken og kostymene saman var veldig sterkt. Eg vart glad av å vere der, seier Aaby.

Eli Aaby(Til høgre) fekk sjansen til å møte Sigrid Moldestad.

Eli Aaby(Til høgre) fekk sjansen til å møte Sigrid Moldestad. Foto:

Ho var ein av dei som møtte opp for å møte artisten etter førestillinga. Og no håpar ho at Moldestad skal vise dette fram andre stader slik at fleire får det med seg.

– Eg ønskjer at andre skal få sjansen til å sjå og høyre dette, seier ho.

Multimedieoppleving

Med små anekdoter,forteljingar, musikk og samtidsdans fargela dei historiene om Samuline, Spelar-Birthe og dei andre kvinnelege felespelarane i områda rundt Nordfjord og Sunnmøre frå eldre tid. Sigrid Moldestad og folkemusikar Liv Merete Kroken utgjorde ein god duo med felespel og song for å fortelje historia på ein eventyrleg måte. Slik som fela har ført Moldestad inn i mange forskjellige situasjonar, slik førte også framsyninga publikum med inn i forskjellige eventyrlege og kreative situasjonar. Atle Hoff hadde med seg heile familien på konsert, og både store og små var nøgde med opplevinga dei fekk ta del i.

– Det er så fint at ho klarar å vere så kreativ, seier Hoff.

Han er glad for at Moldestad klarar å halde musikken på eit folkeleg nivå. Og han er imponert over hennar evner til å kombinere alle dei ulike formene for å kunne setje i stand ei slik framsyning.

– Det at ho klarar å kombinere alle instrumenta, og dei forskjellige temposkifta er ganske utruleg, seier han.

Sonen Andreas var mest imponert over kruna som dansaren Ane Evjen Gjøvåg hadde på seg. Men han likte også resten av førestillinga.

– Det var ei stilig krone, og bra musikk, seier han.

Artikkeltags