– Sigrid Moldestad har vore ei av dei aller mest markante, aktive og synlege utøvarane i Vestland fylke dei to siste tiåra, uansett sjanger, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i ei pressemelding.

Utdelinga fann stad under Osafestivalen på Voss.

Stipendet er 60.000 kroner og skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling, og styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv.

– Moldestad er ein framifrå ambassadør for folkemusikken. Ho har ei eiga evne til å nytte dokumentasjonsarbeidet sitt i formidling og til å nå ut til folk med musikken og kunnskapen. Ho er blitt ein folkekjær artist over heile landet og er allsidig som folkemusikar, songar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar, seier Ekerhovd.

Moldestad ønskjer å bruke stipendet til å sluttføre eit hjarteprosjekt om slåttar, songar og historier om tradisjonsmusikken i Breim. Dette har ho jobba med lenge og ønskjer no å bruke tid på å spele inn materialet, formidla i konsertform, i skrift, med meir, står det i pressemeldinga.

Folkemusikkstipendet har blitt delt ut av Vestland fylkeskommune sidan 2020.

I år har det blitt delt ut til saman 110.000 kroner. Eit stipend på 60.000 kroner og to mindre stipend på 25.000 kroner til søkarar under 30 år. Dei to andre stipenda var det Lukas Pawelka og Mathilde Skjæret som fekk.