I mai var Sigrid Losnegård frå Askvoll ein av dei som lenka seg fast til anleggsmaskinene i protest mot gruvedrifta på Engebø. Ho sit i sentralstyret i Natur og Ungdom.
Så langt er vel 40 andre aksjonistar bøtlagde. Men Losnegård si sak blir handsama annleis. Ho er den einaste av aksjonistane som blir prøvd i retten åleine.
Det er fordi politiet vil bruke saka hennar for å trekke ei grense for når sivil ulydnad skal straffast med meir enn bøter. Det skriv Bergens Tidende.
– Vi meiner ho bør bli idømd fengselsstraff på vilkår. Grunnen er at ho er den einaste som braut politiet sitt pålegg tre gonger, seier politiinspektør Lisa Førde Refsnes til avisa.

Les også
– Byggebobla i Førde er snart over

Les også
Fann lammet tjuvslakta: – Eg er sint og frustrert

Les også
Åtte demonstrantar vart dømde. Éin må betale dobbelt så mykje som dei andre

Les også